Filtrar por género

Hildegunn & Leif-Per

Hildegunn & Leif-Per

Zenario

Hildegunn Moltubakk er ei fråskilt trebarnsmor og husmor frå Ulsteinvik på Sunnmøre. Tidlegare var ho viden kjend som artist og songar, og har turnert land og strand i årevis saman med den gitarspelande svogeren sin, Leif-Per. Sidan Hildegunn har behelde huset og kjøpt ut eksmannen, Per-Leif, har det vore tøft økonomisk - og betre vart det ikkje då dottera, Brit-Bente, nyleg flytta heim igjen med dei fire ungane sine. Då er Leif-Per ei god støtte, og dei snakkar på telefon opp til fleire gonger i veka - som regel store spørsmål om bittesmå ting.



Vil du støtte denne podkasten? VIPPS eit valfritt bidrag til 604810.


Vil du annonsere på denne podcasten? Ta kontakt på post@zenario.no



Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

89 - #88: Einebarn og ekteskap
0:00 / 0:00
1x
  • 89 - #88: Einebarn og ekteskap

    Det er ikkje berre, berre å navigere i jungelen av pronomen. For kva skjer når barnebarnet ikkje lenger vil identifisere seg som tvilling - trass i at ho er - nettopp, tvilling?


    Vil du støtte denne podcasten? I så fall set vi stor pris på eit valgfritt bidrag til VIPPS #604810.



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Fri, 26 Apr 2024 - 32min
  • 88 - #87: SMOOTHIE OG HOGGORM

    Er det innanfor at ein coach som har teke nettutdanning ved The Californian Institute for Female Empowerment and Spirituality tek seg betalt for å trene klientar til å jage vekk hoggorm i vårsola?


    Vil du støtte denne podcasten? Det set vi i så fall stor pris på! VIPPS eit valfritt beløp til #604810.



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Fri, 19 Apr 2024 - 30min
  • 87 - #86: Einhjørning og heltedåd

    Når begge pilotane besvimer i 32.000 fot - tek du då affære og leikar helt og landar flyet etter beste evne, eller stivnar du som ei padde i ei fryseboks?


    Vil du hjelpe oss å halde denne podcasten gåande? Då kan du vippse eit valfritt beløp til #604810. Tusen takk!



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Fri, 12 Apr 2024 - 34min
  • 86 - #85: Kanin og rørleggarar

    Kva er det med handverkarar som gjer at dei kan tillate seg 8 timars slingringsmonn for oppmøte for å fikse den lekke krana? Eg tør jo ikkje gå på do ein gong, i løpet av desse timane! Og kor mange gonger kan ein tillate seg å google seg sjølv per år - før vi snakkar om ein alvorleg diagnose?


    Vil du støtte denne podcasten? VIPPS eit valfritt beløp til #604810. Takk for støtta!



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Fri, 05 Apr 2024 - 35min
  • 85 - #84: Face-ID og dobbelhake

    Kven står bak når Face-ID på mobiltelefonen din ikkje kjenner deg igjen lenger? Og er det innafor for Hildegunn og fikse på den irriterande dobbelhaka?


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Fri, 29 Mar 2024 - 32min
Mostrar más episodios