Filtra per genere

Edder & Galle

Edder & Galle

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.

101 - Er vi så enkle?
0:00 / 0:00
1x
  • 101 - Er vi så enkle?

    Sist kamp var det skikkeleg dårleg stemning i Edder & Galle. No slår Bryne Stabæk 2–0 på heimebane, spelar underhaldande fotball, og plutseleg er stemninga og trua tilbake hos nokre av oss. Er vi verkeleg så enkle? Det får de avgjere. For Bryne leverer ein solid kamp mot Stabæk, nesten utruleg etter det vi såg borte mot Strømmen. Samstundes går fleire av dei andre resultata vår veg, og dermed er Bryne for fullt med i kampen om kvalifiseringsplassen til opprykk. Anonyme spørsmål er tilbake...

    Mon, 14 Sep 2026
  • 100 - Ein tam kamp, seks tema og ein uroleg haust

    I kveldens episode av Edder & Galle skal vi innom tre hovudpunkt. Først: Vi tek ein kjapp gjennomgang av kampen mot Strømmen. Det var ikkje all verda å hente frå den kampen, så for podkasten sin del er det eigentleg heilt greitt at vi spelar inn episoden tre dagar etter kampslutt og ikkje rett etter. Deretter: Vi køyrer ein ny versjon av «anonyme spørsmål». Denne gongen har vi samla inn det folk har lurt på den siste tida, og kokt det ned til seks sentrale tema som vi diskuterer. Til slut...

    Wed, 09 Sep 2026
  • 99 - Spelarsal og store spørsmål

    Bryne er vidare i cupen etter 3–0 mot Rosseland i første runde. Den to–tre minutt lange turen mellom stadionane viser heldigvis den forskjellen som bør vere mellom laga, og Bryne er dermed vidare til neste runde. Men det har vore seld spelarar, viktige spelarar. Det fekk vi kanskje eit tydeleg svar på mot FK Haugesund. For kva har salet av desse spelarane eigentleg hatt å seie for Bryne? Tapet heime mot haugalendingane er vondt nok i seg sjølv, men endå vondare er det at Bryne faktisk ikkje s...

    Wed, 02 Sep 2026
  • 98 - Farvel, spøkelse!

    I denne episoden av Edder & Galle kan studio endeleg puste letta ut. Bryne har vunne på Øster Hus Arena, og det som lenge har vore omtalt som spøkelset, er endeleg dødt og begravd. Det er sjølvsagt stor glede i studio og blant alle andre som har eit hjarte som bankar for Bryne. Det er positive takter å spore på den sportslege fronten, og det er gledeleg å sjå at Bryne er på rett veg. Også i spørsmålsspalta går det godt. Det kjem inn mange gode spørsmål, og som alltid blir dei svara på, bå...

    Sun, 23 Aug 2026
  • 97 - Skal forbanninga på Øster Hus ende no?

    I vekas episode av Edder & Galle er det god stemning. Spissdebut med scoring gav verkeleg optimismen eit løft, og plutseleg ligg vi nærare kvalik enn nokon gong før. Men sigeren mot Moss gav ikkje berre glede. Ein spiss gjekk ned for teljing, og det såg ikkje bra ut. Det er likevel optimisme før kampen på Øster Hus Arena. Bryne har aldri vunne der i seriesamanheng, men skal det skje, så er vi einige om at det må skje no. Forventningane er klare når vi møter eit Sandnes Ulf som ligg nede f...

    Wed, 19 Aug 2026
Mostra altri episodi