Filtrar por género
Edder & Galle

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
- 101 - Er vi så enkle?
Sist kamp var det skikkeleg dårleg stemning i Edder & Galle. No slår Bryne Stabæk 2–0 på heimebane, spelar underhaldande fotball, og plutseleg er stemninga og trua tilbake hos nokre av oss. Er vi verkeleg så enkle? Det får de avgjere. For Bryne leverer ein solid kamp mot Stabæk, nesten utruleg etter det vi såg borte mot Strømmen. Samstundes går fleire av dei andre resultata vår veg, og dermed er Bryne for fullt med i kampen om kvalifiseringsplassen til opprykk. Anonyme spørsmål er tilbake...
Mon, 14 Sep 2026 - 100 - Ein tam kamp, seks tema og ein uroleg haust
I kveldens episode av Edder & Galle skal vi innom tre hovudpunkt. Først: Vi tek ein kjapp gjennomgang av kampen mot Strømmen. Det var ikkje all verda å hente frå den kampen, så for podkasten sin del er det eigentleg heilt greitt at vi spelar inn episoden tre dagar etter kampslutt og ikkje rett etter. Deretter: Vi køyrer ein ny versjon av «anonyme spørsmål». Denne gongen har vi samla inn det folk har lurt på den siste tida, og kokt det ned til seks sentrale tema som vi diskuterer. Til slut...
Wed, 09 Sep 2026 - 99 - Spelarsal og store spørsmål
Bryne er vidare i cupen etter 3–0 mot Rosseland i første runde. Den to–tre minutt lange turen mellom stadionane viser heldigvis den forskjellen som bør vere mellom laga, og Bryne er dermed vidare til neste runde. Men det har vore seld spelarar, viktige spelarar. Det fekk vi kanskje eit tydeleg svar på mot FK Haugesund. For kva har salet av desse spelarane eigentleg hatt å seie for Bryne? Tapet heime mot haugalendingane er vondt nok i seg sjølv, men endå vondare er det at Bryne faktisk ikkje s...
Wed, 02 Sep 2026 - 98 - Farvel, spøkelse!
I denne episoden av Edder & Galle kan studio endeleg puste letta ut. Bryne har vunne på Øster Hus Arena, og det som lenge har vore omtalt som spøkelset, er endeleg dødt og begravd. Det er sjølvsagt stor glede i studio og blant alle andre som har eit hjarte som bankar for Bryne. Det er positive takter å spore på den sportslege fronten, og det er gledeleg å sjå at Bryne er på rett veg. Også i spørsmålsspalta går det godt. Det kjem inn mange gode spørsmål, og som alltid blir dei svara på, bå...
Sun, 23 Aug 2026 - 97 - Skal forbanninga på Øster Hus ende no?
I vekas episode av Edder & Galle er det god stemning. Spissdebut med scoring gav verkeleg optimismen eit løft, og plutseleg ligg vi nærare kvalik enn nokon gong før. Men sigeren mot Moss gav ikkje berre glede. Ein spiss gjekk ned for teljing, og det såg ikkje bra ut. Det er likevel optimisme før kampen på Øster Hus Arena. Bryne har aldri vunne der i seriesamanheng, men skal det skje, så er vi einige om at det må skje no. Forventningane er klare når vi møter eit Sandnes Ulf som ligg nede f...
Wed, 19 Aug 2026 - 96 - Stabilt ustabile og heilt passe optimistiske
I dagens episode av Edder & Galle går me gjennom kampen mot Sogndal. Det vart tre poeng i Saftbygda, og me kan så smått byrje å sjå oppover på tabellen, sjølv om me er einige om at Bryne kanskje er stabilt ustabile. Det har kome inn mange gode spørsmål frå lyttarane. Korleis er engasjementet rundt klubben? Korleis står det eigentleg til med motivasjonen og interessa blant supportarane der ute? Me svarar på alt, eller i alle fall prøver. Avslutningsvis ser me litt fram mot Moss, som ventar...
Wed, 12 Aug 2026 - 95 - Energilaust, bannerdebatt og overgangsprat
I dagens episode er noko av det tekniske utstyret vårt minst like energilaust som Bryne-laget såg ut heime mot Strømsgodset. Episode blir det likevel, og vi går grundig gjennom 0–2-tapet mot drammensarane. Denne veka har det også hengt eit banner på stadion. Er det innanfor? Svaret vårt får du i episoden. Bryne har dessutan tent litt pengar på tidlegare spelarar som har funne seg nye klubbar. Betyr det at vi kan vente nye signeringar inn dørene, eller går Bryne inn i den siste delen av sesong...
Thu, 06 Aug 2026 - 94 - Frå frykt til fest
For ein kveld og for ein siger! Bryne reiste til Haugesund med ei tøff oppgåve framfor seg, men tok med seg alle tre poenga heim etter ein sterk 2–1-siger mot serieleiaren. Kampen som podkastduoen frykta på førehand, enda med jubel, lettelse og tre særs viktige poeng. No rettar me blikket mot neste utfordring. Strømsgodset kjem til Bryne, og igjen ventar eit lag som ligg over oss på tabellen. Kan Bryne byggja vidare på storspelet frå Haugesund og halda den gode forma ved lag? Det har òg kome ...
Tue, 28 Jul 2026 - 93 - Kva er det som skjer med Bryne?
Bryne og Sandnes Ulf deler poenga i lokaloppgjeret på Bryne stadion. Podkastduoen legg ikkje skjul på at dei er skuffa over resultatet, og dei saknar større grep frå trenarteamet i eit forsøk på å endre kampbiletet undervegs. I spørsmålsspalta går det att at mange meiner Bryne må vere modigare frå sidelinja. Fleire etterlyser større og meir treffsikre grep under kampane, og meiner laget ofte er for seint ute med å påverke utviklinga. Det blir òg diskutert om engasjementet rundt Bryne er på ve...
Sun, 05 Jul 2026 - 92 - Full brems på Nadderud, no ventar naboen!
Etter tre strake sigrar var håpet at Bryne skulle halda fram klatringa, men på Nye Nadderud sa det stopp. 2–0-tapet mot Stabæk blir grundig analysert, og vi er samde om at det først og fremst var den svake førsteomgangen som felte Bryne. Laget var ikkje påskrudd, og Stabæk fekk sjå ut som eit lag som høyrer heime i Eliteserien , kanskje endå høgare. Det finst likevel nokre lyspunkt. Bryne løfta seg etter pause, og den betre andreomgangen kan få utslag når spelarane skal vurderast på børsen. I...
Mon, 29 Jun 2026 - 91 - Tre poeng, tippetips og turprat
I kveldens episode av Edder & Galle oppsummerer me kampen mot Åsane. Det blir kanskje ikkje den lengste kampgjennomgangen i historia, men det viktigaste er på plass: Bryne sikra seg tre poeng, og det er det ingen som klagar på. Tippetipsa blir òg gjennomgått, og som vanleg gjekk det betre for nokre enn for andre. Panelet tek dessutan ein prat om kontraktssituasjonane i Bryne. Kven bør få ny avtale, kven står i fare for å forsvinne, og kva tenkjer eigentleg panelet om situasjonen? I ein li...
Tue, 23 Jun 2026 - 90 - Bislett-fest, tippefiasko og vind frå alle kantar
I dagens episode av Edder & Galle er det mykje å jubla for etter Bryne sin sterke 3–0-siger borte mot Lyn på Bislett. Fleire spelarar skal opp på børsen, og gutane går gjennom prestasjonane som la grunnlaget for tre viktige poeng i hovudstaden. I Tippetipset går det denne gongen diverre ikkje heilt etter planen. Likevel er statistikken framleis solid, og nye tips blir sette med eit klart mål om å finna vegen tilbake til sigerssporet så raskt som mogleg. I spørjespalta blir gutane utfordra...
Thu, 18 Jun 2026 - 89 - Poenga varma mest
Etter to kampar utan siger er vi tilbake på vinnarsporet. Hødd blir slått 1–0, og sjølv om kampen kanskje ikkje går inn i historiebøkene for den store underhaldningsverdien, leverer vi ein solid prestasjon og viser at vi er eit betre fotballag enn laget frå Ulsteinvik. Tre særs viktige poeng er i boks. Samstundes held tippetips-suksessen fram, og vi samlar inn pengar til Barnekreftforeningen. I samband med Fotballtrøyefredag skal vi òg trekkje heldige vinnarar av flotte premiar. Nokre lyttars...
Sun, 31 May 2026 - 88 - Kupongen sat. Resten er framleis diskutabelt.
Ny episode av Edder & Galle er klar! Bryne har vore i aksjon igjen, men ny trepoengar lèt framleis venta på seg. Likevel finn Per Tore noko positivt å ta med seg frå kampen i Drammen, medan Ole Morten held litt meir igjen sjølv om også han byrjar å sjå konturane av noko. Duoen går gjennom kampen, prestasjonane og kva som må bli betre framover. I Tippetipsen klaffar det igjen for begge to, og med fulltreff denne runden er sjølvtilliten på topp før nye tips skal setjast. Ole Morten ...
Wed, 27 May 2026 - 87 - Ei uro har meldt seg
Episode to denne veka er ikkje for dei fintfølande sjelene. Etter eit blytungt 3–0 tap borte mot Raufoss, haglar det med krass kritikk frå Edder & Galle-panelet. Mykje manglar i laget, og særleg trenarbenken får hard medfart på børsen denne gongen. Alarmen har gått i klubben, men det blir understreka at ansvaret ikkje kan leggjast på enkeltposisjonar åleine. Det kjem òg inn eitt og to lyttarspørsmål undervegs, og heller ikkje denne episoden slepp spissen til Bryne FK unna kritiske stikk.
Wed, 20 May 2026 - 86 - Bunad, ball og beinhard kritikk
På sjølvaste nasjonaldagen kjem ein ny episode av Edder & Galle. I denne episoden blir det sjølvsagt slakting av ein spelar sitt val denne veka, og me går grundig gjennom kampen på fotballens nasjonaldag. Me meiner Bryne Stadion viste seg frå ei god side. Her er det absolutt mogleg å skapa fotballfest 16.mai. Det blir òg nok ein gong klirrande mynt i tippespalta. Berre å tune inn! Ny kamp ventar alt onsdag, så dette er den første av to episodar denne veka.
Sun, 17 May 2026 - 85 - Forrykande start og klassisk Bryne-avslutning
Bryne tok endeleg med seg alle poenga heim etter ein sterk bortekamp mot Moss på Melløs. Dei raudkledde opna kampen i forrykande tempo og gjekk til pause med ei solid 3–0-leiing. Sjølv om det blei nokre nervøse minutt på tampen og eit par ekstra tankar i overtida, heldt Bryne unna og sikra ein etterlengta triumf på Austlandet. I denne episoden av Edder & Galle går podkast-duoen gjennom kampen og svarar på det alle lyttarane lurer på: Er dei eigentleg nøgde med det dei fekk sjå på Melløs? ...
Mon, 11 May 2026 - 84 - Frå cruise control til bremsesvikt i overtida
Ein ny episode av Edder & Galle startar med det som skulle vere ein koseleg kveld for Bryne, men som sjølvsagt ikkje fekk lov til å vere det. 3–0 mot Sogndal burde vere spikra og klart, ferdig snakka, takk for i dag. I staden blir det to baklengs langt inn i overtida, og plutseleg sit alle og stirer tomt ut i lufta og lurer på kvifor dette alltid skjer. Det luktar ikkje berre svidd, det luktar litt sjølvpåført dramatikk. I spalta for anonyme spørsmål kjem det inn mykje av det same: kva er...
Mon, 04 May 2026 - 83 - Ein tung jubileumskveld på Bryne Stadion
I denne episoden av Edder & Galle tek me eit tungt oppgjer med kampen mot Odd. Me starta godt, med tru og energi, men så kom utligninga og med ho den snikande kjensla: skal det glippe igjen i dag og? Dessverre fekk den kjensla rett. På verst tenkeleg vis sette Odd inn sigersmålet på overtid, og Bryne stod att med null poeng i sin eigen 100-årsjubileumskamp. Det gjorde vondt. Skikkeleg vondt. Som alltid deler me ut børs, kven stod fram, kven må opp eit hakk, og kva kan me ta med oss vidare...
Mon, 27 Apr 2026 - 82 - Ein start å gløyme men ein episode å høyre
I dagens episode av Edder & Galle er stemninga tung etter endå eit tap, denne gong mot EIK. Tre av tre tap i starten av sesongen gjer at praten fort blir prega av frustrasjon, og gutane prøver å setje ord på kva som eigentleg ikkje fungerer. Dei er innom både spelet, enkeltprestasjonar og mangelen på flyt, og det blir tydeleg at dette ikkje berre kan forklarast med uflaks. I spalta anonyme Snapchat spørsmål slepp lyttarane til med det dei meiner. Her kjem det mange direkte og ufiltrerte s...
Wed, 22 Apr 2026 - 81 - Poengtørke for Bryne, men jackpot i tippespalten
I denne episoden av Edder & Galle er stemninga prega av frustrasjon etter eit nytt tap for Bryne, denne gongen heime mot Ranheim. I spelarvurderinga må pisken fram att, for prestasjonane held ikkje mål. Sjølv om det finst nokre lyspunkt i laget, er dei for få, og panelet etterlyser meir stabilitet og framgang. Blikket blir retta mot helga, der Bryne skal til Egersund for å møte EIK. Det blir venta ein tøff og fysisk kamp, og Bryne må vere skjerpa frå start om dei skal ha håp om poeng. Eit...
Fri, 17 Apr 2026 - 80 - Bitre siffer, nye kampar og historisk drakt
I denne episoden av Edder & Galle tek vi føre oss det bitre 3–0-tapet på Gjemselund mot Kongsvinger. Er det grunn til uro, eller lyver resultatet? Det vart heller ikkje full klaff for podkast-duoen i tippe-spalta. Berre ein av to kampar sat. Men dei gir seg ikkje, og prøver igjen! I tillegg snakkar dei om den komande heimekampen mot Ranheim, og den nye 100-årsdrakta blir vurdert og diskutert.
Thu, 09 Apr 2026 - 79 - Seriepremiere, spenning og store forventningar
No er ventetida snart over, og endeleg er det klart for kampar med tre poeng i potten. Bryne serieopnar borte mot Kongsvinger på Gjemselund måndag klokka 14.30, og stemninga byrjar verkeleg å byggje seg opp. For å hjelpe dykk gjennom dei siste dagane før avspark har vi sett saman ein episode stappa med godt innhald. Her får de vårt store tabelltips før sesongstart, dei etterlengta tippetipsa er tilbake, og vi peikar ut fleire spel vi meiner det kan vere verdt å sjå nærare på. Sjølvsagt tek vi...
Thu, 02 Apr 2026 - 78 - Frå cupskuffelse til draktdebatt
I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss cupkampen mot Brann, ein kamp som dessverre enda med at Bryne måtte takke for seg i cupen. Me sit att med kjensla av at kampbiletet kunne vore utnytta betre, for det var periodar der moglegheitene var der, men det mangla litt på dei avgjerande vala og det siste trykket framover. Likevel er det ikkje berre svartmaling, laget går av bana med heva hovud og har mykje å byggje vidare på. Vidare tek me for oss nokre innsendte spørsmål frå lyttar...
Mon, 23 Mar 2026 - 77 - Cupspesial: Bryne - Brann
Bryne er klare for kvartfinale i cupen, der Brann kjem til Bryne Stadion. Tener Bryne på det igjen? Gjer grasmatta det like vanskeleg for Brann som ho var for Rosenborg? Vi håpar det og ladar opp med ein liten cupspesial før kampen. Det er litt skadar i Brann, så kanskje finst det moglegheiter her. Ventar det ein semifinale på Bryne?
Mon, 16 Mar 2026 - 76 - Cupdrama på Bryne Stadion og spørsmål frå lyttarane
I denne episoden av Edder & Galle høyrar du sjølvsagt om den store snakkisen: cupbragda på Bryne Stadion der Bryne slo ut Rosenborg etter ekstraomgangar. Det var ein skikkeleg cupkamp, intens, nervepirrande og med ein stadion som levde frå første til siste minutt. Me snakkar om atmosfæren på tribunen, dei avgjerande augneblikka i kampen og kva denne sigeren betyr både for laget og for supporterane. Me kjem òg innom treningskampen mot Sogndal. Kanskje ikkje like dramatisk som cupkamp...
Fri, 13 Mar 2026 - 75 - Cupspesial: Bryne–RBK
I denne episoden av Edder & Galle er det duka for skikkeleg cupstemning! Søndag ventar 4. runde i NM når Bryne tek imot Rosenborg på Bryne Stadion, og me køyrer ein rein cup-spesial. Me startar med siste nytt frå begge leirar før kampen. Korleis står det til med Bryne inn mot storbesøket frå Trondheim? Kva slags form kjem Rosenborg i, og kva kan me venta av kampbiletet når desse to møtest i cupen? Vidare snakkar me om den nyinnkjøpte keeperen til Bryne. Kven er han, kva kvalitetar kjem ha...
Thu, 05 Mar 2026 - 74 - Folkets spesial
Edder & Galle er endeleg tilbake etter ein pause som vart ein veke lengre enn planlagt. For å ta det igjen køyrer me ein skikkeleg folkets spesial, der heile episoden går rett på innsendte spørsmål. Det har kome inn mange spørsmål i alle variantar. Nokre er gode, andre litt mindre gode. Nokre er lange, andre korte. Uansett svarar me på alt. Det blir snakk om taktikk, kven som bør starta for Bryne, overgangar inn og ut, og mykje anna. Rett og slett ei episode laga av og for folket.
Thu, 19 Feb 2026 - 73 - Gjest: Ørjan Heiberg
Vi er så heldige å ha fått besøk av Ørjan Heiberg, Bryne sin nye hovudtrenar. Vi tek opp spørsmåla som har kome inn, og går elles gjennom korleis Ørjan ønskjer at Bryne skal framstå, og kva slags kultur han vil byggje her ute på Jæren. Det er framleis tidleg, så det blir for tidleg å seie for mykje om det sportslege sidan laget berre har vore i gang i nokre veker. Difor har vi brukt denne episoden til å bli betre kjende med Ørjan, og vi håpar de kjenner at de blir det same. Vi har allereie pl...
Thu, 29 Jan 2026 - 72 - Trenarar, Bondehæren og alt lyttarane lurte på
Edder & Galle er tilbake, akkurat sånn det skal vera. Denne gongen har me gjort det enkelt og latt lyttarane finna på kva me skal snakka om. Det har ramla inn alt mogleg av spørsmål, og me pløyer oss gjennom bunken med like delar synsing, skråsikkerheit og kødd. Men først: trenarar. Ørjan Heiberg er på plass som hovudsjef i Bryne, og no har han fått med seg Børre Steenslid som assistent. Kva slags duo er dette? Blir det hard pisk, mjuk klem, eller ein god miks? Me prøver å lesa teblada og...
Thu, 08 Jan 2026 - 71 - Nedrykket – Del 4: Då alt rakna
I den fjerde episoden av Nedrykket følgjer Edder & Galle dei siste, skjøre håpa og augeblikket då alt fell saman. Innspurten i Eliteserien gir eit lite glimt av tru. Resultat andre stader, kvalikplassen innan rekkevidd, og kjensla av at det kanskje kan gå likevel. Tapet mot Sarpsborg 08 svir, men sesongen lever. Så kjem kvaliken, og med den optimismen. Den litt farlege optimismen. For sjølv om frykta for Aalesund ligg der, er det mange som tenkjer: Dette tek me. Det gjer me ikkje. 3000 me...
Fri, 02 Jan 2026 - 70 - Nedrykket – Del 3: Spillerflukt, varsler og klubbens håndtering
I denne episoden av Edder & Galle ser vi nærare på den dramatiske utviklinga som vi meiner førte klubben til nedrykk. Vi startar med den sterke opninga på Eliteserien, der laget fekk både poeng og sympati, men raskt mista fotfestet på grunn av både sportslege utfordringar og aukande press frå media. Plutseleg blei tre nøkkelspelarar oppsagde utan førehandsvarsel, og salet av årets spelar kom som eit sjokk for supportarane. Vi tek òg for oss varslar frå anonyme spelarar om fryktbasert leii...
Mon, 29 Dec 2025 - 69 - Nedrykket – Del 2: Var det opprykket som skjulte sprekkene?
I del to av Nedrykket går me tett på ein av dei mest intense og følelsesladda periodane i nyare Bryne-historie. For kva skjer når suksessen kjem raskare enn nokon hadde trudd? Me startar med kvalikdramaet i 2023. Kampane mot Raufoss, pubane heime som kokte over, Start-fadesen med varmeanlegget – og til slutt straffetapet mot KBK. Trass i skuffinga sat kjensla igjen: Dette er meir enn godt nok. Kanskje betre enn me våga å seie høgt. Så kjem 2024-sesongen. Året ingen trudde var mogleg. Jamn poe...
Fri, 26 Dec 2025 - 68 - Nedrykket – Del 1: Kva var det som eigentleg skjedde?
I denne første delen av serien Nedrykket går me tilbake til starten. Før tabellplasseringar, før overskrifter – og lenge før nedrykket i 2025 var eit faktum. Me tek for oss ansetjinga av Kevin Knappen, turbulensen rundt Even Sel, og valet klubben tok mellom styrelogikk og klubbkjensle. Korleis vart avgjerda oppfatta av spelargruppa og supportarane? Og vart det lagt ein grunnmur som seinare skulle slå sprekker? Vidare går me gjennom 2022-sesongen: seks strake tap, taktiske justeringar og ein 1...
Mon, 22 Dec 2025 - 67 - Eit nederlag me aldri gløymer
I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss eit blytungt kapittel i Bryne-historia. Trass i ein 1–0-siger i returoppgjeret mot Aalesund, vart det umogeleg å hente inn det brutale 0–4-tapet frå heimekampen. Med 4–1 samanlagt må Bryne gi frå seg plassen i Eliteserien og gjere seg klare for OBOS-ligaen. Me set børs frå kampen i Ålesund og kårar dei tre beste Bryne-spelarane i årets sesong basert på vår vurdering. Episoden tek òg opp fleire av dei uavklarte spørsmåla rundt klubben...
Mon, 15 Dec 2025 - 66 - Fullt hus, total forvirring og eit manus som ikkje stemte
I denne episoden av Edder & Galle sit Hobberst og Salte i studio og prøver å fordøye det som må vere eit av dei mørkaste kapitla i Bryne si nyare historie. Bryne tapte 4–0 heime mot Aalesund i den første av to kvalifiseringskampar mot eit lag frå divisjonen under, og heile Jæren står igjen i sjokk. Programleiarane legg ikkje skjul på frustrasjonen. Dei kallar prestasjonen sesongens desidert svakaste, og meiner det som utspelte seg på Bryne Stadion søndag kveld var ei blanding av kollaps, ...
Wed, 10 Dec 2025 - 65 - Det går jo bra… eller?
I denne episoden av Edder & Galle kjem duoen inn i studio med eit breitt glis etter at Bryne slo Haugesund 4–1 på bortebane i araberenes by. Dei prøver riktignok å halde litt igjen når dei set børsen, for motstanden var kanskje ikkje heilt av den skarpaste sorten. Lyttarane har sendt inn haugevis av spørsmål, og guttene svarar på alt dei rekk, frå kven som bør starte neste kamp til kor mykje ein eigentleg tør å tru på Eliteserien 2026. No ventar Aalesund over to kampar i kvaliken om den s...
Mon, 01 Dec 2025 - 64 - På veg inn i kvalik: uro, spørsmål og håp
I denne episoden av Edder & Galle er det merkbart dårleg stemning i studio. Bryne har tapt heime mot Sarpsborg 08, og prestasjonen gav lite å glede seg over. No må laget ut i kvalik for å redde plassen i Eliteserien, men først ventar bortekamp mot FKH i Haugesund. Der handlar det mest om å få tilbake litt sjølvtillit og å bygge opp trua før kvaliken, sjølv om ingen enno veit kven motstandaren blir. Panelet går gjennom det meste av det som skjer rundt klubben, både sportsleg og utanfor ban...
Mon, 24 Nov 2025 - 63 - Edder & Galle lader opp til nervepirrande helg
I denne vekas episode av Edder & Galle blir det litt prat om landslaget. Panelet er godt nøgde med at Erling Braut Håland skal dra resten av Noreg med seg til VM i 2026. Det blir sjølvsagt også satsa i tippehjørnet, og denne gongen går gutane skikkeleg høgt ut. Lyttarane har sendt inn fleire kjekke spørsmål som blir tatt opp i studio. Til slutt snakkar dei om helgas kamp heime mot Sarpsborg 08. Bryne kan framleis unngå kvalik, men mykje kjem an på kampen i Oslo dagen før når Vålerenga får...
Wed, 19 Nov 2025 - 62 - Håp, tru og litt desperasjon
I vekas episode av Edder & Galle byr det som vanleg på børs etter eit 5-0 tap nordpå mot Bodø/Glimt. Dei fleste hadde vel lite tru på poeng på Aspmyra, og fasiten vart som venta tung. Hobberstad og Salte kikkar også på det vesle håpet som framleis finst for å unngå kvalik. Ja, vi må kanskje omtale det som eit lite håp, men det er der. Samtidig vurderer dei kven dei helst vil møte dersom Bryne likevel hamnar i kvalik, noko som gjer at gutane verkar innstilte på ein utvida sesong. Til slutt...
Mon, 10 Nov 2025 - 61 - Trua er tilbake – kven skulle tru det?
Bryne slo Brann, og stemninga i studio er på topp! Gutane går gjennom kampen med spelarbørs, og til og med den mest pessimistiske røysta i podkasten er blitt overtydd: Dette laget skal i det minste ta kvalikplassen til Eliteserien. Kanskje kan det til og med bli trygg plass? Lyttarane har sendt inn mange spørsmål. Nokre er urolege for kvar ein eventuell kvalikkamp må spelast, andre lurer på kven som bør få vere med vidare og kven som har gjort sitt. Alt dette og mykje meir får du svar på i d...
Fri, 07 Nov 2025 - 60 - Drittkamp og dårleg folkeskikk
I dagens episode må Hobberst og Salte dessverre ta lytarane med gjennom det bitre tapet mot Viking. Stemninga er alt anna enn lystig, og det kjem tydeleg fram i både praten og på børsen, for duoen er slett ikkje nøgde med det dei såg på Lyse Arena. Under tribunene og inne i garderoben etter kampen var det mykje som ikkje heldt mål, og det får så hatten passar. Her blir det slakt, og med rette. Lyttarane har sendt inn mange gode spørsmål som styrer delar av praten, og i etter tippekonkurransen...
Thu, 30 Oct 2025 - 59 - Børs, spalter og spenning før hatoppgjeret
I dagens episode av Edder & Galle tek me for oss Rosenborg-kampen og gir spelarane karakterar på børsen. Som vanleg er me og innom dei faste spaltene, og denne gongen har me fått inn ein heil haug med gode lyttarspørsmål. Men det alle eigentleg går og tenkjer på, er det som ventar: Bryne skal til Stavanger for å møte Viking. Det store lokaloppgjeret nærmar seg, og stemninga i studio er prega av både nervar, forventning og eit solid innslag av forakt for dette møkkalaget frå byen.
Thu, 23 Oct 2025 - 58 - Når ballen ligg stille, går kjeften
I denne veka sin episode er det ingen kamp å analysere, og dermed heller ingen børs å dele ut. Men fortvil ikkje, vi finn sjølvsagt noko å snakke om likevel. Vi er innom landslagsfotballen ein liten tur, men går raskt vidare til spørsmål frå lyttarane. Mykje handlar om sesongen vi står midt i, og korleis avslutninga kan sjå ut. Det kjem ogspørsmål om vi i panelet angrar på nokre av utsegnene våre frå førre episode, eit tema som skaper litt diskusjon. Til slutt rettar vi blikket mot helgas kam...
Wed, 15 Oct 2025 - 57 - Tap i Sandefjord og oppførsel som ikkje held nivå
I denne episoden av Edder & Galle tek vi for oss Brynes tap borte mot Sandefjord. Både Hobberst og Salte sat på tribunen, og det dei såg var lite å juble for. Det blir som vanleg tid til faste spalter, nokre korte og andre litt lengre. Denne gongen har gutane også fått inn fleire gode lyttarspørsmål, blant anna om korleis Bryne-supportarane oppfører seg på bortetur. Her blir det ikkje haldne igjen: Edder & Galle slaktar oppførselen til enkelte på tur. Vi er ikkje på reise for å ha VM ...
Thu, 09 Oct 2025 - 56 - Optimisme på lågt batteri – men vi drar likevel
I denne veka si episode av Edder & Galle ligg det eit lite slør av optimisme over studio. Etter ein lang og tung periode fekk Bryne-folket endeleg noko å smile av då laget slo Kristiansund 2–0 i bunnoppgjeret på Bryne stadion. Det gir nytt håp i nedrykksstriden og både Hobberst og Salte ser eit lite lys der framme i den elles mørke tunnelen. Som vanleg er duoen innom alle dei faste spaltene frå analyse av kampen og spelarprestasjonar til humoristisk frustrasjon over livet som Bryne-suppor...
Wed, 01 Oct 2025 - 55 - Lys i tunellen – Bryne kjempar vidare i liga og cup
I denne vekas episode av Eder & Galle pustar gutane i studio endeleg litt lettare ut. Bryne har tent eit lite håpom overleving etter å ha henta eitt sterkt poeng i plankebyen mot FFK. I tillegg er laget vidare til runde fem i cupen med eit naudskrik etter ein dramatisk 2–1-seier borte mot Brattvåg, der sigersmålet kom heilt på overtid. Det nye cupsystemet får forresten gjennomgå skikkeleg i podkasten. Alle dei faste spaltene er sjølvsagt med, og til slutt vender Ole Morten og Per Tore bli...
Wed, 24 Sep 2025 - 54 - Ingen forsoning å spore
I denne episoden av Eder & Galle tek panelet for seg kampen mot Tromsø – ein kamp som dessverre ikkje vitna om noko forsoning mellom trenar og spelarar. Det Bryne-supportarane fekk sjå, har skapt uro og fleire spørsmål om vegen vidare, og i studio er det lite tvil om at leiinga kan ha gjort eit feilgrep ved å halde på trenaren. Som vanleg får du dei faste spaltene, med høgdepunktet frå Snapchat-spørsmåla, før vi rundar av med spådommar om både laguttak og resultat til helgas bortekamp mot...
Thu, 18 Sep 2025 - 53 - Når motvinden blæs – må fellesskapet stå fast
I denne vekas episode av Eder & Galle er dei faste jinglane tilbake, og me får som vanleg ein tur innom både fantasy og tippe-tipsa, der gevinsten går til Barnekreftforeininga. Det har blitt endringar i den interne konkurransen – no er det faktisk ein av Hobberst eller Salte som har teke leiinga! Lyttarane får òg høyre svar på anonyme Snapchat-spørsmål, som denne gongen tek oss med på ein skikkeleg farsetur på Jæren. I tillegg blir det gjennomgang av dei innsendte spørsmåla frå sosiale me...
Wed, 10 Sep 2025 - 52 - Vi set ord på stillheita frå Bryne
I denne episoden av Eder & Galle blir det høg temperatur når bombenyheten frå Bryne Stadion sprekk: Tre spelarar har terminert kontraktane sine, og blant dei – sjølvaste klubblegenda Robert Undheim. Kven visste kva, og kvifor vert det halde tett om avgjerda? Podkast-gutane prøver å setje ord på det som ingen andre vil seie høgt. Sportsjef Roger Eskeland stikk innom for å svare på signeringane, men held korta tett til brystet når det gjeld dei som har gått ut. Hobberst er i tvil – har klub...
Wed, 03 Sep 2025 - 51 - Bryne stod opp frå det døde – men får likevel kjeft
I denne vekas episode av Eder & Galle tek gutane for seg 2–2-kampen mot Strømsgodset. Det starta svakt for Bryne, og på stillinga 0–2 sat mange med hovudet i hendene og lurte på kva i alle dagar som gjekk føre seg. Men etter ein solid opphenting fekk Bryne med seg eitt poeng. Spørsmålet er berre: er det nok til å imponere dei krasse røystene i podkasten og gje spelarane ei grei børs? Som vanleg blir det faste spalter, og blikket blir retta framover mot helgas kamp mot Vålerenga. Etter nyt...
Wed, 27 Aug 2025 - 50 - Bekymra, men ikkje knekt
I denne episoden av Eder & Galle er stemninga merkbart meir døyvd enn vanleg. Bryne har nett tapt 1–0 borte mot HamKam. Er det Bryne som har blitt svakare, eller er det berre slik at motstandarane har fått fart på sakene? I byrjinga av sesongen flaut det meste, no sit ein att med fem kampar utan siger – og eit poengsnitt som ser skremmande lågt ut. Hobberst og Salte diskuterer både form, taktiske justeringar og spelarlogistikk – og peikar på at dette kanskje er ein reality check, men også...
Wed, 20 Aug 2025 - 49 - Søvndyssande kamp, men knallsterke nyheiter: Trykk play!
I denne vekas episode tek vi eit blikk på kampen mot KFUM – sjølv om vi må åtvara mot at det heile vart ein heller søvndyssande affære. 0–0 og lite underhaldning å spore, men vi oppsummerer likevel det viktigaste frå kampen. Deretter går vi vidare til dei faste spaltene, og i Snapchat-spalta til Per Tore byr vi på ferske rykter og ønskelister inn mot overgangsmarknaden – her kan det kome spanande nytt! Vi har òg fått inn spørsmål frå lyttarane som vi sende vidare til dagleg leiar Hans-Øyvind ...
Wed, 13 Aug 2025 - 48 - Me analyserer alt – bortsett frå oss sjølve
I vekas episode tek Hobberst og Salte for seg spelarbørsen etter det sviande tapet mot Molde. Dei går gjennom innsatsen til spelarane i kampen, og ser samstundes på korleis børsen har utvikla seg no som halvspela sesong er eit faktum. Robert Undheim stikk innom for ein ærleg prat om skademarerittet som var nær ved å knekkja både motivasjonen og karrieren. I tillegg får me høyre frå Kristian Skurve Håland, som svarar på rykta om interesse frå utanlandske klubbar. Det blir sjølvsagt også dei f...
Wed, 06 Aug 2025 - 47 - Ekte hat, surt tap – men me er Bryne
I kveldens episode av Eder & Galle tek podkastduoen for seg det smertelege tapet mot erkefienden Viking. Det var flotte rammer rundt kampen, og mange hadde gleda seg til eit ekte hatoppgjer i norsk fotball. Men gleda vart kortvarig – for kampen enda som eit sviande nederlag. Duoen legg kampen bak seg, men ser alt fram til moglegheita for hemn mot «driten» i oktober. Alle dei faste spaltene er sjølvsagt med. I Tippe-tipset vart det endeleg klingande mynt igjen, og inntektene går som alltid...
Mon, 28 Jul 2025 - 46 - Hatet lever – og no smeller det!
I denne episoden av Eder & Galle har me mykje å ta tak i – men alt peikar mot det eine: hatoppgjeret mellom Bryne og Viking på ein fullsatt Bryne Stadion søndag kl. 14:30. Det blir krig på graset, og stemninga ligg allereie tjukt i lufta. Me startar med ein kjapp tur innom Nordens Paris, der Bryne gjekk på eit surt 3–1-tap. Me deler ut børs til samtlige spelarar. Deretter rullar me inn i dei faste, folkekjære spaltene våre: Fantasy , tippetips og snapchat spørsmål frå dykk lyttarar. Men s...
Wed, 23 Jul 2025 - 45 - Frå jubel på Jæren til vågal optimisme i nord
Denne veka gjenopplever Hobberst og Salte den sterke sigeren mot Vålerenga. Fleire spelarar får seg eit løft på børsen – nokre klatrar både eitt og to hakk etter innsatsen mot VIF. Salten har også med seg ei heilt ny spalte, podkasten har no teke steget inn på Snapchat. Kva som eigentleg skjer der, får du berre vita om du lyttar til episoden! Mot slutten av sendinga rettar begge blikket mot neste kamp i Tromsø. Salten Kjenner lukta av poeng, medan Hobberst kanskje lovar litt i overkant dersom...
Tue, 15 Jul 2025 - 44 - Frå krøll mot KFUM til krig mot kongeblå – og kva skjer med Moreira?
I dagens episode av Eder & Galle er det kampen mot KFUM som vert analysert av Hobberst og Salte. Kva kan Bryne ta med seg vidare? To spelarar har forlate Jæren – det vert kort nemnt før fokuset skiftar over til overgangsrykter. Kven er det som byr på Moreira? Kven ønskjer duoen seg inn dørene på Bryne stadion? Og har klubben faktisk sendt ut eit konkret bod på ein ny spelar? Det vert også ein runde med Fantasy-prat. Som vanleg kjem dei også med tippetips, slik at du kan gå helga i m...
Thu, 10 Jul 2025 - 43 - Episoden der lyden spelar på bortebane
I dagens episode – som dessverre tek eit steg eller ti tilbake på det tekniske planet – tar Hobberst og Salten likevel fram dei store brillene for å snakke om HamKam-kampen. Dei går gjennom sjølve kampen, delar ut børs til spelarane, og ser nærare på kva som gjekk bra og mindre bra. Det blir også tid til litt tipping, ein runde med fantasy-prat, og ein kort kikk på den kommande kampen mot KFUM. Der trur duoen at Bryne kan møte tøffare motstand enn mange ventar. Tross tekniske utfordringar – e...
Mon, 30 Jun 2025 - 42 - Bryne i medvind og motvind – og litt Görlich i sidebrisen
I denne ferske episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salte føre seg 1–1-kampen borte mot Sarpsborg. Dei to går og grundig inn på det som har vorte ein snakkis i Bryne-krinsar: den noko spesielle situasjonen med Luis Görlich, som valde å kjøpa seg ut av kontrakten med klubben. Kvifor skjedde det, og korleis handterte Bryne det i media? Hobberst og Salte sparar ikkje på meiningane når dei diskuterer korleis saka vart kommunisert ut. Mot slutten rettar dei blikket framover mot den komande...
Wed, 25 Jun 2025 - 41 - Eliteserien er tilbake – og det er brått meiningstvang igjen
Podkastferien er over, og duoen er tilbake – småbleike, middels opplagde, men klare for å meine ting igjen. Først blir det litt snakk om treningskampen mot FK Haugesund. Var det noko som såg bra ut? Kanskje. Var det noko som såg litt så som så ut? Definitivt. Deretter skal den heilage bunken med lytterspørsmål plukkast frå kvarandre. Ingenting er for smalt, for breitt eller for kranglete – alt skal få svar, anten det fortener det eller ei. Så blir det tipping! Det er klart for ny runde i Elit...
Thu, 19 Jun 2025 - 40 - Bryne mot Sandefjord, børs, odds og trenarrykter!
Hobberst og Salte tek deg gjennom oppgjeret mot Sandefjord – med spelarvurderingar, analyse og prat om korleis Bryne leverte. Dei sjekkar om det var pengar å hente på oddsen denne runden, og fantasy-laget får seg ein grundig gjennomgang – kven leverte, og kven svikta? I tillegg snakkar dei om rykta som går: Er hovudtrenar Kevin Knappen på veg bort? HamKam skal visstnok ha han på blokka – bør Bryne-fansen uroa seg?
Fri, 06 Jun 2025 - 39 - Siger, håp og marknadssjef i studio
I vekas episode av Eder & Galle går Hobberst og Salte gjennom den sterke innsatsen mot FFK, der Bryne tok med seg tre nye poeng. Optimismen spreier seg i studio – faktisk så mykje at dei byrjar å tru på nye tre poeng heime mot Sandefjord til helga. Denne gongen har dei og fått med seg marknadssjef i Bryne FK, Bjørn Hagerup Røken, som svarar på misnøya rundt kampopplevingane på stadion så langt denne sesongen. Han fortel kva klubben jobbar med for å betre arrangementa, og tek opp korleis b...
Thu, 29 May 2025 - 38 - Poeng i Drammen, cupen glapp, kritikken traff – og Fredrikstad lurer i horisonten
I vekas episode av Eder & Galle tek Hobberst og Salte oss med tilbake til 16. mai i Drammen, der Bryne drog på bortekamp mot Strømsgodset. Med låge forventningar i bagasjen lurte duoen på om det i det heile tatt var mogleg å få med seg poeng heim. Men Bryne svara med innsats og effektivitet – og jammen vart det ein lukkeleg tur tilbake i taxi mot Gardermoen. Riktignok ikkje utan ei viss uro og særs variabel humor under transporten. Deretter går turen vidare til cupkampen mot KFUM. Gleda v...
Wed, 21 May 2025 - 37 - Nederlag, gevinst og tur til Drammen
I denne ferske episoden av Eder & Galle snakkar Hobberst og Salte om nederlaget mot Molde. Trass i skuffelsen meiner dei at Molde er eit betre lag enn tabellplasseringa tilseier – det synte dei tydeleg på bana. Likevel er det eit surt tap for gutane, som hadde håpa på meir mot laget frå rosenes by. Men det finst lyspunkt: Tippinga har endeleg gjeve avkastning! Denne veka har dei treft blink, og premien – som alltid – går rett inn på kontoen som skal donerast til Barnekreftforeininga. ...
Thu, 15 May 2025 - 36 - Cupnerver, klokkeklar scoring og neste stopp: Molde!
I denne episoden tek me dykk med til den dramatiske cupkampen der Bryne sikra seg vidare avansement med eit mål heilt på tampen – berre to minutt før det ville blitt straffesparkkonkurranse. Med høg puls og lågt blodtrykk går me gjennom den intense avslutninga, der Bryne verkeleg viste cupform og kjempa seg vidare. Vidare tek me for oss lytterspørsmål. Til slutt rettar me blikket mot neste kamp: Molde på heimebane. Korleis skal Bryne angripe dette? Kva må til for å få med seg poeng?
Fri, 09 May 2025 - 35 - Gutar mot menn på Lerkendal
Det vart brutalt då Bryne tok turen til Lerkendal – ein kamp der Rosenborg viste kvar skapet skal stå. Det vart gutar mot menn, og det prega både resultatet. Vi går gjennom spelarane ein etter ein og en vi ser òg framover, for det kjem ein ny kamp: Cupkamp mot Brann på onsdag. Ein moglegheit til å slå tilbake, vise karakter og kanskje overraske. Vi diskuterer kva som må til for å tukte eit Brann-lag i form, og kven som bør få tillit i det som kan bli ein cupklassikar.
Mon, 05 May 2025 - 34 - Brannslukkinga gjekk skeis
I denne episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salten oss med på tur til Bergen – byen mellom dei sju fjella – der Bryne tok ein tidleg 2–0-leiing mot Brann. Alt såg lovande ut, men historia har ein tendens til å gjenta seg, og som før: det heldt ikkje. På overtid rakna det, og Brann stakk av med alle poenga. Det vart ein tung heimtur for duoen som allereie i forkant hadde åtvara seg sjølve – Bryne og 2–0 i Bergen er sjeldan ein trygg kombinasjon. Oddstipsa til gutane får som vanleg ste...
Wed, 30 Apr 2025 - 33 - Frå Torvastad til Bergen – og eit lam på vegen!
I den nyaste episoden av podkasten Eder & Galle diskuterer Hobberst og Salte Bryne sin 3–1-siger over FK Haugesund. Dei går gjennom kampen, kven som utmerka seg, og korleis Bryne klarte å sikre seg tre viktige poeng. Ein del av praten går òg til dette mykje omtalte lammet som vart gitt som premie til banens beste – eit stunt som har skapt både latter og diskusjon i fotballmiljøet. Gutane kommenterer responsen og deler sine eigne tankar om kva som er greitt og kva som kanskje går litt lang...
Fri, 25 Apr 2025 - 32 - Cup, Eliteserie og 2003: Kvar står klubben no?
Spørsmålsbonanza! I tillegg: 🥔 Me ser tilbake på cupkampen mot Varhaug – blei det cupfest eller meir slit enn magi? 🏟️ Det kjem mange spørsmål om stadion, og me tek ein grundig prat om tribunene og kva som må på plass for å halda nivået oppe på stadion på kampdag. ⚽ 2. påskedag er det klart for kamp igjen – me ser fram mot heimeoppgjeret mot FK Haugesund i Eliteserien. 📅 Me samanliknar klubben i dag med 2003, sist me var i det gode selskap – kva har endra seg, og...
Wed, 16 Apr 2025 - 31 - Tapet på Nordmøre, Varhaug og Skrettingpølser i cupen
I denne episoden av Eder & Galle får alle Bryne-spelarane poeng etter 2-1-tapet på Nordmrøe. Hobberst og Salte diskuterer også om Bryne er heldige som ikkje har tapt meir mot Kristiansund. Når det gjeld straffesituasjonen på slutten, er dei sa,de om hendinga. Begge meiner det er eit klart straffespark. Så vender gutane blikket mot den kommande NM-runden mot Varhaug. Det er ein viss optimisme i lufta, men også ein god dose humor. Hobberst er tidleg ute med å spørje om dei har fått ta...
Fri, 11 Apr 2025 - 30 - Er Bryne betre enn Olympiakos?
I denne episoden av Eder & Galle tar Hobberst og Salte eit dypdykk i Bryne si serieopning mot Bodø/Glimt. Dei diskuterer kampens høgdepunkt, kva som fungerte bra, og kva som kan bli betre. Vidare går dei gjennom lyttarspørsmåla som har komme inn. Det blir tid til å snakke om fantasy-laga deira og korleis dei har prestert så langt, samtidig som dei reflekterer over korleis det står til i fantasy-ligaen- I tillegg får vi ei oppdatering på korleis tippinga deira har gått. Avslutningsvis ser ...
Fri, 04 Apr 2025 - 29 - Eliteserien 2025, nye spaltar og Fantasy-satsing!
I denne episoden av Eder & Galle tippar Hobberst og Salte Eliteserien 2025. Episoden startar med Bryne, der ein spelar er på veg ut, medan ein annan er på veg inn. Nye spaltar skal presenterast, og Oddsen er ein ny spalte i samarbeid med ein sponsor, der all gevinst vil gå til Barnekreftforeningen. Som ein ekstra godbit har vi også ein ny spalte med Eliteserien Fantasy. Gutane presenterar laga sine og kjem til å halde lytterne oppdaterte med resultat og kven som toppar tabellen i Eder &am...
Thu, 27 Mar 2025 - 28 - Fullt hus
I denne episoden av Eder & Galle får Hobberst og Salte besøk av Sondre Norheim, Axel Kryger og Kevin Knappen. Samtalen dreier seg mykje om den kommande sesongen i Eliteserien, og dei diskuterer alt frå forventningar til utfordringar. Kevin er med på å gå gjennom treningskampane, og gir innsikt i korleis laget har forberedt seg før seriestarten. Axel deler også sine tankar om den dramatiske kampen mot EIK frå i fjor, og minnene frå den kampen blir eit sentralt tema. Det er mykje god fotbal...
Fri, 21 Mar 2025 - 27 - Er Bryne og Bryne Stadion klar for Eliteserien?
Hobberst og Salte har fått tema frå folk der ute. Dei diskuterer nye spelarar, går i gjennom dei siste treningskampane og tek siste nytt om Stadion. Mange der ute reagerer litt på løysingane som blir gjord, for å få innsikt i dette har me med oss dagleg leiar Hans-Øyvind Sagen for å belysa synet til klubben, som gutane nødvendigvis ikkje er samde i.
Fri, 07 Mar 2025 - 26 - Treningskampar og nye tribuner
I denne episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salte ein gjennomgang av Bryne sine treningskampar mot Sandnes Ulf, Åsane og HamKam. Det er også ny prøvespeler innom hos klubben, han har eitt fantastisk etternamn som Hobberst lovar å synleggjera om det viser seg å vera ein habil fotballspelar. Hobberst har teke seg tid til å besøke Bryne Stadion, og han deler sine inntrykk av den nye sittetribunen, Felt F. Han gir sin dom over den nye tribunen.
Fri, 21 Feb 2025 - 25 - Nicklas Strunck Jakobsen
I denne episoden av Eder & Galle er Hobberst og Salte tilbake og dei er klare til å oppsummere dei siste treningskampane til Bryne. Dei deler sine inntrykk frå kampane og diskuterer kva dei har sett av laget, både på den positive og negative sida. Det blir og snakka om spelarane som har kome inn, med fokus på dei nyaste overgangane. Ein spennande del av episoden er intervjuet med danske Nicklas Strunck Jakobsen, som nylig har blitt ein del av Bryne. Han er med som gjest og deler sine førs...
Fri, 07 Feb 2025 - 24 - Sondre Norheim
I årets første episode av Eder & Galle er vertane Hobberst og Salte endeleg tilbake, og denne gongen har dei med seg den solide midtstopparen Sondre Norheim. Dei tek ein grundig prat om det fantastiske opprykket til Eliteserien, og ser med spenning fram mot den komande sesongen i 2025. I tillegg får Sondre svara på fleire interessante og engasjerande lytterspørsmål som har kome inn. Episoden inneheld også litt fersk informasjon om det siste som skjer rundt klubben.
Fri, 24 Jan 2025 - 23 - Nei til VAR, ja til Bryne!
I den ferskaste episoden av Eder & Galle er det mykje spennande på agendaen! Først og fremst, vi jublar for at medlemmene våre stemte mot VAR i norsk fotball! Eit stort steg for fotballen, seier vi! Men vi stopper ikkje der. Vi går også gjennom overgangane og signeringane i vintervindauget. Kanskje nokon rykter også er på sin plass? Og så, ein stor gratulasjon til Bryne FK! Dei har nett blitt kåra til årets OBOS-klubb, og det er verkeleg ei velfortent utmerking for laget som har hat...
Sun, 22 Dec 2024 - 22 - Sødal om karrieren og Hobbersts stolte øyeblikk
I denne episoden av Eder & Galle får lytterne ein rask gjennomgang av kvalifiseringskampen mellom Moss og FK Haugesund, der resultatet enda med at FKH skal spele vidare i Eliteserien 2025. Etter å ha oppsummert denne spennande kampen, kjem Lars Erik Sødal, Bryne-spelaren, på besøk til podkasten. Sødal deler sine erfaringar frå tida i Bryne og fortel om sine opphald i V*k*ng, Sandnes Ulf og EIK, og gir lytterne eit innblikk i si karriere og dei ulike stadiane han har vore igjennom. I tille...
Wed, 11 Dec 2024 - 21 - Kvalikkampene og slakting av Bryne-styret
I dag startar me med å diskutere kvalikkampen mellom Jerv og Mjøndalen, som vart eit avgjerande oppgjer for å sikre plassen i OBOS-ligaen. Deretter får me besøk av Christian Thuessen frå Moss-leiren, som kjem inn for å bidra med innsikt og spådommar om den spennande kampen mellom Moss og FKH. Dette er eit oppgjer som avgjer kven som får den siste plassen i Eliteserien 2025. Til slutt i denne episoden kjem nyheita om at styret i Bryne har anbefalt klubben å jobbe for VAR. Dette set verkeleg ko...
Thu, 05 Dec 2024 - 20 - Kvalikkampane og poengfest: Me gir Bryne-spelarane karakter
I denne episoden av Eder & Galle tek gutane for seg kvalikkampane. I tillegg blir det det årlige ritualet der Bryne-spelarane får poeng for sine prestasjonar. Kven har verkeleg utmerkt seg? Alt dette vert diskutert med godt humør, skråblikk og skarpe kommentarar, slik berre Eder og Galle kan levere.
Mon, 25 Nov 2024 - 19 - Bryne, Kongsvinger og spelarforhandlingar
I den nyaste episoden av Eder & Galle tek vi eit dykk i Bryne FK si pågåande spelarforhandlingar og kva som ventar for klubben i framtida. I episoden diskuterer vi sjølvsagt dei ferskaste kontraktsforlengingane med Igor Spiridonov og Jens Husebø. Det er også spennande å snakke om når det gjeld spelarane som står utan kontrakt etter denne sesongen. Kven blir verande, og kven ser vi ikkje i klubben neste sesong? Vi prøver å gjere våre beste spådommar og gjer oss opp ei meining om kva som vi...
Fri, 22 Nov 2024 - 18 - Dramatisk avslutning og gjesten som dukka opp
Det vart ei dramatisk avslutning på OBOS-ligaen særleg i botnen av tabellen. Me samanfattar siste serierunde og ser litt på kvalikkampane som skal spelast om både opprykk til OBOS og Eliteserien. I tillegg til alt dette kjem gjesten som ikkje dukke opp sist episode, Hans-Øyvind Sagen er klar og fortel meir om kva han har gjort sidan han kom til Bryne som dagleg leiar og kva planane er rundt stadion og økonomi no som opprykket på Jæren er i boks.
Wed, 13 Nov 2024 - 17 - Bryne-opprykk og gjesten som ikkje dukka opp
Hobberst og Salte samanfattar OBOS-runden og ser på utsiktene til siste serierunde som er no til helga. Bryne har rykt opp, til den store gleda for gutane og i samband med dette inviterte gutane dagleg leiar i Bryne FK Hans Øyvind Sagen til podkasten, han sa ja men dukka aldri opp.
Thu, 07 Nov 2024 - 16 - Framtida til Bryne og Sogndal: Ein episode om håp og kampen for overleving
I denne episoden av Eder & Galle tar Hobberstad og Salte for seg den siste OBOS-runden. Dei går gjennom kampane, og det er spesielt Sogndal som står i fokus. Laget sliter alvorleg for tida, og guttene sender tankar og støtte til dei som jobbar for å snu skuten. Samtidig er det eit spennande tema som ligg i lufta: Bryne kan vere på veg tilbake til Eliteserien! Det er heile 21 år sidan dei var der sist, og både Hobberstad og Salte hugsar godt kor mykje det betydde for dei som unge. Bryne-fa...
Wed, 30 Oct 2024 - 15 - Lyns imponerande reise og oppsummering av OBOS-runden
I denne episoden av Eder & Galle tar vi ein dypdykk inn i Lyn sin imponerande reise frå nivå 4 til nivå 2 på rekordtid. Vi har med oss ein gjest frå Lyn-podkasten Vestkantribunalet, som gir oss innsikt i kva som har drivi denne oppgangen og kva spelarar og strategiar som har vore avgjerande. Vi oppsummerer også den førebuande OBOS-runden, der vi ser nærare på nøkkelkampane og dei viktigaste resultata. Blikket rettes mot den komande runden, der vi diskuterer moglegheiter og utfordringar f...
Fri, 25 Oct 2024 - 14 - Topplag og bunnlag i skjebnesvangre oppgjør
I denne episoden av Eder & Galle er Hobberst og Salte endelig tilbake i studio etter haustferien. Dei går grundig gjennom den siste runden av OBOS-ligaen og ser fram mot den komande runden. Med berre fire kampar igjen av sesongen, er det spenning både i toppen og botnen av tabellen. Programleiarane tek seg tid til å fokusere ekstra på sitt kjære Bryne. Vil det bli fest på Jæren til slutt? Dei diskuterer mulige scenario og kva som skal til for at Bryne kan oppnå opprykk. Dei deler også sin...
Fri, 18 Oct 2024 - 13 - Start, Bryne og OBOS-ligaens drama i fokus
I denne episoden av Eder & Galle får Hobberstad og Salte besøk av Tom Iversen frå Start en pod. Samtalen dreier seg om klubben Start, spesielt i moderne tid, der det ikkje manglar på drama. Dei diskuterer klubbens reise gjennom både oppturar og nedturar, frå skandalar til håp og tru på betre tider, berre for å oppleve nye skandalar. Episoden gir eit grundig bilete av dei ulike utfordringane Start har stått overfor, både sportsleg og utanfor bana. Dei kjem også innom den kommande kampen me...
Fri, 04 Oct 2024 - 12 - Bryne luktar eliteserien, og pølse i vaffel vs farse i to brød
I denne episoden av Eder & Galle oppsummerer Hobberstad og Salte den siste serierunden med sine skarpe kommentarar og humoristiske betraktningar. Aalesund fekk det beinhardt i hovudstaden – vart dei straffa for hardt? Dei diskuterer òg om Bjørn Helge Riise verkeleg er den rette mannen på Nadderud , og om Sogndal bør frykte nedrykksspøkelset. På Bryne luktar det eliteserien, medan Azar Karadas ser ut til å ha fått sving på sakene i Start. Samstundes jublar Kongsvinger etter endeleg å ha vu...
Fri, 27 Sep 2024 - 11 - Håp, tru og kaos. Me elskar OBOS-ligaen
Denne veka kjem Eder & Galle med to episodar, ein på måndag og ein på den vanlege dagen vår, torsdag. Runden kjem tett, og vi er klare til å halde tritt! I måndagens episode dykkar vi inn i hendingane frå helga. Aalesund tok med seg motorsaga til Kongsvinger og laga kaos, Start klamrar seg til håpet om overleving, og Raufoss er verkeleg i fyr og flamme med forma si. Vi oppsummerer heile runden, tek for oss den spennande toppkampen på Jæren, og sjølvsagt ser vi fram mot den komande runda. ...
Mon, 23 Sep 2024 - 10 - Trenarskifte, opprykksdrama og ekspertanalyse med Joacim Jonsson og Kevin Knappen!
I denne episoden av Eder & Galle blir det eit skikkeleg dypdykk i OBOS-ligaen, der det no skjer mykje i innspurten av sesongen. Me tek ein prat om Sogndal, EIK og Ranheim, som alle må skifte trenar før neste sesong startar – eit teikn på at klubbar gjerne vil ta nye steg. Det er også kamp om den andre opprykksplassen, der Bryne og Moss ligg tett i tett og gir alt. Spenninga stig, og ingen kan ta noko for gitt! I botnen er det nesten umogleg å spå kven som kjem til å klare seg (utanom Sand...
Fri, 20 Sep 2024 - 9 - Poengkalkylar for topp 6 og Mjøndalens skjebne – med gjest frå Høyt press
I denne vekas episode tek Hobberstad og Salte for seg dei gjenværande kampane for topp 6-laga i OBOS-ligaen, og reknar ut kor mange poeng kvart lag vil ende opp med når sesongen er over. I tillegg får dei besøk av Ole Petter Letmolie frå Mjøndalen-podkasten Høyt press. Han deler sine tankar om Mjøndalens sjansar for overleving i OBOS-ligaen, og diskuterer kva som må til for å sikre plassen når sesongen nærmar seg slutten. Til slutt er "Vekas langskot" tilbake, der gutane gir sine mest v...
Fri, 13 Sep 2024 - 8 - Brynes formtopp, Sandnes Ulfs fall og Kongsvingers villfaring – OBOS-ligaen oppsummert
I denne episoden av Eder & Galle byrjar me med å snakke om Bryne, som er i eventyrleg form og ser ut til å få alt til å klaffe. Er det nokon som kan stoppe dei? På andre sida står Sandnes Ulf, som verkeleg slit i motbakkane – er det i det heile tatt håp for dei? Start held fram som ein jojo-klubb, stadig opp og ned, medan Kongsvinger framleis virrar rundt i dei djupe skogane utan å finne vegen ut. Me tek oss også tid til å gå gjennom lytterspørsmål som har kome inn via sosiale medie...
Fri, 06 Sep 2024 - 7 - Oslo-derbydrama, Bryne-seier på overtid og utfordringar for Start!
I denne episoden av podkasten Eder & Galle med Hobberst og Salte, blir det ein grundig oppsummering av den siste runda i OBOS-ligaen. Her får vi høyre om det intense Oslo-derbyet som verkeleg tok fyr, med høg temperatur og mykje dramatikk på bana. Vidare får vi innblikk i Brynes imponerande seier, der dei sikra tre poeng på overtid mot Kjetil Rekdals Aalesund, noko som skapte stor glede hos Bryne-supporterane. Men det er ikkje berre glade dagar i OBOS-ligaen. På Sør Arena går IK Start tøf...
Fri, 30 Aug 2024 - 6 - Hovudstadsoppgjer, OBOS-drama og VAR-debatt.
I denne episoden av Eder & galle tek vi ein nærare kikk på den spennande runden i OBOS-ligaen. Ventinga er stor før det etterlengta hovudstadsoppgjeret mellom Vålerenga og Lyn på laurdag. Vi ser òg tilbake på den førre runden, der både Moss og Stabæk melder seg på i kampen om opprykk, medan Mjøndalen, Start og Åsane sikrar seg livsviktige poeng i botnstriden. Diskusjonen går heftig om VAR har sin plass i norsk fotball – skal vi ha VAR, eller la det vere? Til slutt blir det prat om Bryne o...
Fri, 23 Aug 2024 - 5 - Konstant drama i OBOS
I denne episoden av Eder & Galle diskuterer vertane den siste utviklinga i OBOS-ligaen, der Moss verkeleg slit, medan Bryne er i storform. Det kokar i toppen av tabellen med intense kampar om opprykk, samstundes som det brenn i botnen, der fleire lag desperat kjempar for å unngå nedrykk. Hobberstad & Salte diskuterer også dei konkrete planane for Bryne stadion, som skal gjennomførast uavhengig av om klubben rykker opp eller ikkje.
Fri, 16 Aug 2024 - 4 - Drøs og poengrekning
Me startar i Egersund, der ting ikkje går som planlagt på Husabø – kva er det som manglar for å lukkast? Vidare hoppar vi på Vålerenga-toget som berre rullar vidare, og diskuterer kva som ligg bak den imponerande forma. Per Tore får velfortent heider etter å ha spådd rett om at ein OBOS-ligatrenar ville miste jobben. Me analyserer korleis lynet bokstaveleg talt slo ned i Bob Bradleys menn på Bislett, og kva dette betyr for laget framover. Til slutt snakkar vi om vår store høgdepunkt denne vek...
Fri, 09 Aug 2024 - 3 - Fotballrunden i OBOS-ligaen
I denne vekas episode av podkasten Edar & Galle, kan lyttarane gle seg til ei grundig gjennomgang av den siste tida i OBOS-ligaen. Hobberstad og Salte tar for seg dei mest spennande hendingane og analyserer kampane som har prega den siste runden. Ein av dei mest spennande kampane denne veka var Bryne mot Sandnes Ulf. Podkastvertane går gjennom hendingane både på og utanfor banen, og gir lyttarane innsikt i dei viktige augneblinkane frå kampen.
Fri, 02 Aug 2024 - 2 - - Det har vorte ei fin rivalisering mellom Bryne og Sandnes Ulf
I dag har me med oss dagleg leiar i Sandnes Ulf, Øystein Elvestad. Det er utfordrande tider i sykkelbyen og Øystein står i ein krevjande jobb både med tanke på drift og Sandnes Ulf sportslege situasjon. Det blir òg masse prat om kampen mellom Bryne og Sandnes Ul i morgon i tillegg får du sjølvsagde vekas langskot og vekas Eder og Galle.
Fri, 26 Jul 2024
Podcasts similares a Edder & Galle
Herrepanelet Både Og
El Partidazo de COPE COPE
Herrera en COPE COPE
Es la Mañana de Federico esRadio
La noche de Cuesta esRadio
Hondelatte Raconte Europe 1
Au Coeur du Crime Europe1
FVN FOTBALL Fædrelandsvennen
Affaires sensibles France Inter
LEGEND Guillaume Pley
El colegio invisible OndaCero
La Rosa de los Vientos OndaCero
Les grands dossiers de l'Histoire par Franck Ferrand Radio Classique
Espacio en blanco Radio Nacional
Driblevekk Rotsekk
Entrez dans l'Histoire RTL
Le grand récit RTL
Les Grosses Têtes RTL
L'Heure Du Crime RTL
El Larguero SER Podcast
SER Historia SER Podcast
Todo Concostrina SER Podcast
Un Libro Una Hora SER Podcast
TV 2 B-Laget TV 2 og Moderne Media