Podcasts by Category

Samlaget podkast

Samlaget podkast

Det Norske Samlaget

Samlaget har gitt ut kvalitetslitteratur på nynorsk i over 150 år. Høyr intervju med forfattarar i Samlaget podkast.

39 - Ingvill Kjærstein: Austvestpassasjen
0:00 / 0:00
1x
  • 39 - Ingvill Kjærstein: Austvestpassasjen

    Debutant Ingvill Kjærstein pratar om romanen Austvestpassasjen saman med forfattar, redaktør og Japan-kjennar Ina Strøm. Det blir ein augeopnande samtale som spenner frå frykt og orientalisme til rasisme og bifili.

    Tue, 27 Feb 2024 - 48min
  • 38 - Aina Basso: Eg rissa desse runene

    Aina Basso og Kari Anne Bye snakkar om novellesamlinga «Eg rissa desse runene», der kvar novelle har ei historisk runeinnskrift som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100-1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.

    Thu, 14 Sep 2023 - 38min
  • 37 - Sigrid Agnethe Hansen: Du veit ingenting

    Sigrid Agnethe Hansen og Olaug Nilssen snakkar om ungdomsromanen «Du veit ingenting» – eit sterkt portrett av eit nært, men vanskeleg søskenforhold.

    Fri, 08 Sep 2023 - 33min
  • 36 - Bjørn Hatterud og Kristin Fridtun: Blokka på Bjerke

    I denne episoden intervjuar Kristin Fridtun Bjørn Hatterud om boka «Blokka på Bjerke».

    I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene.

    På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt.

    «Blokka på Bjerke» er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane, sorger og gleder, nære vennskap og endringane som har skjedd med både området, blokka og Hatterud sjølv.

    Fri, 02 Jun 2023 - 30min
  • 35 - Oskar Stein Bjørlykke: Litle meg

    Forfattaren frå Fitjar på Stord har skrive om lag 45 bøker i si lange skrivekarriere. I denne episoden snakkar han med redaktør Maren Ingeborg Hvamstad om den nyaste av dei: den vakre barndomsskildringa «Litle meg».

    Heine Bakke blir fødd 3. januar 1939 og veks opp i den vesle bygda Hadlo på Vestlandet. Barndomen hans blir prega av både krig og fred, vonde og gode erfaringar, men det er likevel dei store og små sansingane i kvardagen som gjer størst inntrykk på Heine. Gjennom eit ope og undrande barneblikk teiknar Bjørlykke eit nært og poetisk portrett av ein gut, ein familie og ei vestlandsbygd og gir eit annleis og levande bilete av norsk historie frå 1940- og -50-åra.

    Thu, 04 May 2023 - 30min
Show More Episodes